Tema i denne runden var Monokrom. Det kom inn 45 bidrag fra 23 fotografer.
Juryert av fotograf Terje Skåre
Vinnere
Førsteplass: Morten Mehli, Last dance
Fantastisk vakkert lyssatt. Kontrastar som framhevar personen perfekt mot ein delikat bakgrunn. Flott form, positur og fine detaljar i stoffet. Nettopp i svartkvitt og monochrome har kontrast – lyset og mørket – alt å seie. Og her spelar dette godt på lag med motivet!
Andreplass: Hilde Kjernli, Et øyeblikk i morgendisen
Flott bruk av gråtonar – lyset – bakgrunnen – stemningsfullt! Og ikkje minst posituren – kommunikasjonen mellom dei to sauene. Nesten så «perfekt» at ein kunne mistenke det for å vere KI-generert, men eg vel å tru at den som deltek på konkurransen ikkje «juksar»!
Tredjeplass: Morten Mehli, Torghatten
Ein perfekt silhouett med fin balanse mellom mørket og lyset. Fotografen har vore nøyaktig med armane med negativt rom (luft) mellom armar og hovud. Fotografen har nok bevisst lagd eit hjarte med armane, men samstundes ser eg eit hovud av eit rart dyr der hovuda på dei to personane blir til auge og dei to nederste armane dannar ein snute eller eit nebb på dette dyret. Bra jobba!



Antatte
Anne Katharine Dahl, Bergtatt
Det mjuke mot det harde. Fin form.
Anne Katharine Dahl, Hiding
Stemningsfullt og vakkert!
Anne Margrete Vognild Einum, Hallo Lillesøster !
Ein varm og fin situasjon som er fanga her!
Bente Seljestokken, Tankefull
Vindaugslys blir aldri feil! Ganske grått, men likte den stemninga. Naturleg og fin positur.
Bjarke Anderson, Furu
Vakker form på greinene. Stemning i gråtonar.
Friese Hagen, Jonsvannet
Klårt, reint og fint – stemning – flotte kontrastar.
Helge Løseth, Atlantis, Dramatisk landskap og lys
Fin dybde. Litt glørne rundt fjellkantane viser at ein kunne ha vore litt nøyare med bildebehandlinga når ein lysna fjella eller mørkna bakgrunnen.
Jonas Hallberg Eggen, Fyr
Ein fin augneblink er fanga her! Flotte kontrastar.
Linh Hoang, Shadowplay
Likte dette godt – lys, kontrastar, det grafiske. Hadde i mine auge blitt visuelt forsterka ved å kutte bort den høgre delen av biletet – kutte rett til høgre for den høgre stolpen slik at biletet blei kvadratisk. Då hadde det til og med kunne risikert å kome topp 3!
Magnus Enge, Ensomme tanker
Likte stemninga, miljøet og sjølvsagt hovedelementet, mannen som sit der i sine eigne tankar.
Olaf Aune, Vieux musicien a Paris Centre Pompidou
Ein kar som ikkje har det enklaste livet. Svartkvitt forsterkar denne følelsen. Generelt når ein tek bilete av ein som spelar så er det fint å fange den rette augneblinken, som har energi, som viser at han spelar. Men her er det litt motsatt, han berre sit der, passivt, stirer ned, har tankane andre stader, gjer så godt han kan for å få skrapt saman nokre kroner. Alt dette berre forsterkar hans skrøpelege situasjon. Det er historia som her er formidla som gjer dette til eit sterkt bilete!
Viktor Berge, Bjørk i tåke
Tåka skapar stemning og gjev ein rein bakgrunn. Treet har ei enkel og fin form og står fram på ein god måte.
Wenche Aune, Hansbakkfjæra
Eit motiv som gjer seg godt i monochrome. Flott justert med fine kontrastar. Fin balanse i komposisjonen. Fin dybde med lag på lag innover – vatn, gjerde, vatn fjell, himmel, skyer. Og fuglane er viktige element som er flott plassert!













Vi gratulerer vinnere og antatte!